Labpodden

Labpodden

By: Helse Bergen

Language: nn

Categories: Health, Fitness, Medicine, Science

Labpodden tek deg med inn i hjarte av sjukehuset -til ei verd som er avgjerande for diagnose og behandling, men som dei fleste aldri ser. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Episodes

Virus på vandring: om influensa og luftvegsinfeksjon
Jan 08, 2026

Kor stor er sjansen for å bli smitta av eit nys å bussen? Elling Ulvestad og Randi M. Nygaard ved Mikrobiologisk avdeling kva som skjer i kroppen når du får influensa.


Luftvegsstatistikk Helse Bergen

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:34:01
Brystkreft: mange sjukdommar - mange moglegheiter
Dec 03, 2025

Kvar svulst har sitt eige fingeravtrykk. I denne episoden møter vi patolog og forskar Lars Akslen, som forklarer kvifor presisjonsdiagnostikk er nøkkelen til presis behandling. Vi snakkar biomarkørar, kreftens mikromiljø - og kvifor patologar er heilt avgjerande for moderne kreftbehandling. 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:26:42
Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv
Dec 03, 2025

Kva betyr eigentleg arveleg brystkreft? Kva skjer viss du får vite at du har det? Birte Blindheim Lundhaug og Cathrine Bjorvatn ved avdeling for medisinsk genetikk, fortel om genetisk rettleiing, testing og val du kan ta for å redusere risiko for å få arveleg brystkreft. 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:26:38
Brystkreft hos menn - ei sjeldan, men viktig diagnose
Dec 03, 2025

Visste du at menn og kan få brystkreft? Sjølv om det er sjeldan, er det ei alvorleg diagnose som ofte går under radaren. Ingunn Stefansson, overlege ved avdeling for patologi snakkar om symptom, diagnostikk, stigma – og kvifor det er på tide å gi meir merksemd til brystkreft hos menn.  

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:23:56
Brystkreft på labben - når kjemi reddar liv
Dec 03, 2025

Visste du at brystkreft kan vere hormonstyrt – og at behandlinga ofte handlar om å ta frå kreftcellene drivstoffet dei treng for å vekse? Kjemikar Bjørn-Erik Bertelsen har utvikla verdas mest følsomme metode for å måle både østrogennivå og legemiddel brukt i kreftbehandling. Vi snakkar om presisjonsmedisin, biverknadar, forsking – og korleis avansert laboratoriearbeid kan gi betre behandling og meir treffsikre svar. 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:35:20
Velkomen til Labpodden
Dec 03, 2025

Laboratorieklinikken er ein av dei største klinikkane på Haukeland universitetssjukehus - og ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i Noreg. 

Her gir direktør for klinikken, Gunnar Mellgren, oss eit innblikk i dei ulike avdelingane, og assisterande direktør Linda Sleire fortel kva Labpodden kan bidra med framover.


Velkomen til oss!

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Duration: 00:11:01